Opning av Leikanger kraftverk

Sognefjord Event leverte fredag 12. april ein totalleveranse til Sognekraft i samband med den offisielle opninga av Leikanger kraftverk.

God planlegging og tett dialog er nøkkelfaktorar for eit vellukka arrangement. Den siste månaden har prosjektleiar Erlend Fardal Lunde jobba tett saman med Sognekraft for å planlegge gjennomføringa av den offisielle opninga av Leikanger kraftverk. Tor Talle har hatt ansvaret for den tekniske koordineringa og booking av underhaldning.

750 meter inne i fjellet, i ein maskinsal som normalt sett ikkje er tilrettelagt for arrangement, vart det fredag 12. april gjennomført opning i stor stil for over 100 gjester. På programmet stod talar, underhaldningsinnslag, lunsj og snorklypp. Maskinsalen vart gjort om frå sitt “daglege virke” til ein magisk sal, lyssatt i blått, dekka til fest og feiring.

Eit arrangement av denne typen involverer også dialog med Politi og Brannvesen, noko som gjer at det blir mange kritiske suksessfaktorar å forholda seg til.

Sognefjord Event har hatt med seg følgjande underleverandørar: Øyre Lyd (lyd/lys/scene), Sognefjord Hotell (mat, dekketøy og bemanning), Teltservicegruppa (bord og stolar), Syrstrand Gartneri (oppsatsar og blomehelsingar), TIDE (buss og transport) og Falkeblikk (foto og video). Sogn Frukt og Grønt bistod i tillegg med lån av parkeringsplass på Leikanger Fruktlager.

Programmet vart stødig leia av den lokale konferansieren Roar Werner Vangsnes. Underhaldninga stod den lovande duoen We Met In June, vår eigen Tor Talle og seniorkorpset Gamlekarane for.

Me takkar Sognekraft for oppdraget og gratulerar nok ein gong med den store dagen!